DEN NORSKE KYRKJA
Rindal og Surnadal
  Search
Sunday, April 20, 2014 ..:: Kyrkje/Kyrkjegard » Åsskard kyrkje ::..   Login
Åsskard kyrkje Minimize
Åsskard kyrkje vart vigsla av biskop Andreas Grimelund 9. november 1876. Christian Hovde var leiar for byggearbeidet.
 
Kyrkjebygginga var ein stor bygde-dugnad der mange ytte gåver og innsats. Jørgen Christian Dreyer Aasgaard gav både altarsølv og kyrkjeklokker og fekk sin eigen plass fremst i kyrkja - "Jørn-stolen".
 
Utsnitt frå altartavla i Åsskard kyrkjeSmeden Jakobsen frå København smidde boltar, låsar og hengsler. Altartavla vart visstnok bygd av brørne Lars og Gudmund Brekken etter teikningar av Chr. Hovde. Måleriet av Jesus i Getsemane er laga av Konrad Valeur frå Kristiansund.
 
Konservator Ola Seter stod for eit betydeleg restaureringsarbeid i 1930-åra. I 1932 kjøpte kommunen eit brukt trøorgel (Rannei-orgelet) frå Todalen kyrkje - og eit ungt musikartalent, Leiv Bæverfjord, lova å spela gratis til alle tenester! Han vart organist fram til 1975.
 
I 1952 vart det samla midlar til kjøp av eit brukt, 5-stemmers pipeorgel frå Fåvang kyrkje. Dette var i bruk til 1982, da kyrkja fekk nytt 10-stemmers orgel - bygd av det danske merket Starup.
Piano vart innkjøpt på 1990-talet.
 
I 1960 vart det bygd møterom (stue) ved tårnfoten, og inngangen vart flytta frå sør- til nordsida. Denne "Kyrkjestua" vart oppussa og modernisert i 2004, samtidig som kyrkja vart måla på dugnad.
 
I samband med 125-årsjubileet i 2001 var det gjort utbetringar - m.a. på benkane i kyrkja.
 
På nordsida av Åsskard kyrkje står ein soldatbauta over Gunnar P. Bøe - som fall for tyske kuler i 1940.



Tekst og foto: BB

Les meir om Åsskard kyrkje på heimesida til Eistein Bæverfjord:
http://home.svorka.net/~eistein/
  
 
Copyright 2010-2012 - Rindal - Surnadal kyrkjelege fellesråd Powered by LabOra - Agrando AS