Friskar opp ved kyrkja


 

Dugnaden samla litt færre enn venta, men oppussinga ved Åsskardkyrkja kom fint i gang onsdag kveld.

Gjerdet mot nykyrkjegarden vart friska opp med ny måling. Og bossdunkane kan straks flytte inn i nybygd skur.

- Men enno gjenstår måling av bårehuset og noko av kyrkjegardsgjerdet, seier soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen. - Så dei som ikkje hadde høve til å delta denne onsdagen, får ny sjanse seinare!

Hans Bævre legg syllstokkane til skuret der søppeldunkane skal stå.

Fint vart det – men meir står att til neste dugnadsgjeng

Bernt G. Bøe (tekst/foto)

Ingressfoto: Eva Jorid Svendsen (frå venstre), Kjell Aarnes, Lars Jostein Bævre og Randi Vetleseter Bøe svingar målingskostane

 

Tilbake