Olsokkonsert i Åsskard


 

Fredag kveld inviteter Prosjekt 17 til «Sommarkonsert ved olsok» i Åsskard kyrkje. Hovudaktørar er pianisten Hedda Hansen Berg og operasongarane Sigrid Bøe og Erik Rosenius.

Erik Rosenius deltok sist på Jonsvaka i Åsskard. Etter olsokkonserten er han m.a. med i første runde av årets internasjonale  Dronning Sonja-konkurranse. (Foto Laissa Miller)

Sigrid Vetleseter Bøe gjestar heimekyrkja mellom operaroller, songakademi og musikaloppdrag. (Foto Bernt G. Bøe)

Med Erik får vi høre utdrag frå «Songs of travel» av Vaughan Williams. Elles syng både han og Sigrid frå sitt klassiske repertoar i opera- og romansestil. Hedda akkompagnerer med klaverversjonar av dei originale orkestersatsane.

Hedda Hansen Berg gir tonefølgje. (Foto Bernt G. Bøe)

Alt tyder på at prestegjeldet Stangvik stod sentralt i feiringa av Olav den heilage i mellomalderen.  Korgruppa frå P17 tek oss difor tilbake til helgenkongens dagar – med gregoriansk song som gir tidskoloritt til olsoktradisjonane.

Desse og fleire frå Prosjekt 17 syng gregoriansk og folketonar. Frå venstre Kari Sæther, Kirsten B. Bøe, Inger Garthe og Randi V. Bøe. (Foto Bernt G. Bøe)

Ein bukett folketonar får og plass i programmet – med referanse til både Christen Bruseth, Petter Dass og 250-årsjubilant Hans Nielsen Hauge.

Tilbake