Gudstenester og påmelding


Meir informasjon om gudstenestene i jula

 

På grunn av dei rådande nasjonale smittevernsreglane, er det berre lov å ha 50 deltakarar på gudstenester. Dette fører med seg utfordringar med tanke på gjennomføring av julegudstenester over heile landet, da desse som regel er godt besøkt. Difor tek vi i bruk eit nytt hjelpemiddel for å kunne halde oss på 50 deltakarar, og å ha lister lett tilgjengeleg for smittevernsansvarlege i kommunane om nokon som får påvist covid-19 har delteke på ei av gudstenestene i kommunane våre.

I år blir det påmelding til gudstenester i ein del av kyrkjene i Rindal og Surnadal gjennom heimesida vår, www.surnadal.kyrkja.no.  Påmelding ligg i kalenderen øvst på sida, https://surnadal.kyrkja.no/Kalender. Trykk på namnet på arrangementet, så kjem sida med informasjon om akkurat denne gudstenesta opp, med link til påmeldingsskjema.

I påmeldinga må de fylle inn namn og telefonnummer. Det er mogleg å melde på ein heil kohort på ein gong. Ein slepp med andre ord å registrere seg kvar for seg om fleire frå familien vil delta. Når de kjem til kyrkja blir de haka av på ei liste og får moglegheit til å gje beskjed om nokon plutseleg vart hindra frå å delta. Veit de det tidlegare, ber vi om at de sender oss ein e-post til post@surnadal.kyrkja.no, slik at vi kan slette deltakaren frå lista og gjera plassen tilgjengeleg for nokon andre.

Når de kjem til kyrkja blir de tilvist plass av smittevernsansvarlege, slik at kravet om avstand blir overhalde. Hald dykk på plassen de har fått, ikkje flytt dykk unødig rundt i kyrkja.

Påmelding til gudstenestene i Åsskard, Øye og Ranes kyrkjer julaftan og Øye og Rindal 1. juledag blir tilgjengeleg måndag 14.12.20 kl. 09:00. Det er også mogleg å ringe 475 19 111 eller 71 65 70 60 på dagtid frå 14.12.20 kl. 09:00.

Somme av gudstenestene vil bli teke opp på video og sendt på nett, og ikkje halde i kyrkja på julaftan. Dette gjeld mellom anna julaftansgudstenesta i Rindal og Mo.

Følg med på heimesidene våre, www.surnadal.kyrkja.no, www.trollheimsporten.no,  eller Facebooksida til kyrkja i Rindal og Surnadal, Kirken i Rindal og Surnadal. På Facebook er arrangement med link direkte til påmeldingsskjema lagt ut.

Til slutt: Kom i god tid, slik at køa utanfor kyrkja ikkje blir for lang rett før gudstenesta skal ta til. Hugs å halde minst 1 meters avstand mellom kohortane utandørs.

Er det ledige plassar om de kjem utan å ha meldt dykk på, noterer vi namn og telefonnummer i kyrkja.

 

Ønskjer dykk alle ei god adventstid!

Tilbake