Sterk tale- utan ord


Framside: Prosesjon innleia gudstenesta. Foto Randi Bøe

Konfirmantane spela hovudrolla i Stangvik kyrkje søndag kveld. Dei formidla dagsaktuelt innhald - utan ord.

I ei uroleg verd og med mobbing i kvardagen står eit avgjerande spørsmål: Korleis skal vi vera mot kvarandre?

Dramatiseringa av Jesu likning om Den Miskunnsame Samaritanen vart ein sterk illustrasjon av dette. Konfirmantane flytta hendinga til nærmiljøet, tett innpå vår eigen kvardag.

Torbjørn Brøske utstyrer Kristian som «presten» i bibelforteljinga. Foto Bernt Bøe

 

 

Kven viste omsorg?

Mobbarar overfall «Sigurd», slo han ned, robba han og let han ligge «hjelpelaus» på golvet. Verken prest eller lærar brydde seg da dei kom forbi.

Det gjorde derimot innvandraren «Markus». Med støtte frå naboar tok han seg av den forkomne - slik Bibelen fortel. Kyrkjerommet var arena for både «ugjerninga» og nestekjærleiken.

Kyrkjerommet høver godt som «herberget», der den som treng, skal få «pleie». Sigurd (på «senga») får hjelp av Markus, Mathea, Eline og Sivert. Tekstlesar er Randi Bøe. Foto Rannveig Brøske

 

 

Av dei 16 konfirmantane var det berre Aleks som hadde talerolle - da blant anna med Jesu ord om at også vi skal vise slik omsorg. Alt i alt ei gripande evangelieformidling.

 

Laga forbøna

Dagens forbøner var forma etter idear frå dei unge. I tråd med hovudtemaet målbar dei ønske om fred i verda, vern om skaparverket, mat og reint vatn til alle og slutt på all mobbing på skulen og elles. Med lystenning understreka Marte, Selma, Steinar og Arian dette innhaldet.

 

Konfirmantprest Torbjørn Brøske leia gudstenesta og utdjupa i preika si kor aktuell kveldens dramatisering stadig er for oss.

 

Samarbeid

Gudstenesta var felles for Stangvik, Todalen og Åsskard. Frå desse sokna deltok Rannveig Brøske, Borghild Talgø og Randi Bøe som medliturgar. Dei viste på nytt kor viktig det er å ha klokkarar i gudstenesta - ein funksjon som dessverre manglar i mange kyrkjer i dag.

 

Like eins har forsongarane på galleriet mykje å seie for song og liturgisk samhandling.

 

Denne aktivitetsgudstenesta på tampen av konfirmantåret 23-24 var bra besøkt av foreldre og

andre.

 

…. Kyrkja i Stangvik, Todalen og Åsskard ...

 

 

 

Tilbake