Namna minnelund


I Surnadal har vi no teke i bruk namna minnelund.

I namna minnelund skjer gravlegging på eit felt der det ikkje kan setjast opp eiget gravminne. Namna minnelund er eit alternativ for dei som ønskjer ei grav å gå til, men som ikkje ønskjer eit eige gravminne og plantefelt.

Her kan urner setjast ned med eller utan deltaking frå dei pårørande. Namneplater med namnet, fødselsåret og dødsåret til avdøde blir festa på eit felles minnesmerke. 

Det er fellesrådet som sørgjer for planting og stell av minnelunden. Pårørande kan også setja avskorne blomstrar i urner avsett til dette formål.

Namna minnelund finn du pr i dag i Mo og Åsskard sokn. 

Praktisk info som prisar og reglar finn du her: Namna minnelund

Framside: Namna minnelund  på Mo kyrkjegard (foto: Inge Solheim)

Tilbake