Rundtvask i Stangvik kyrkje


Framside: Klar til innsats: Anne Ma Nyheim, Bjarne Røen, Lisbeth Bruseth Solenes, Rannveig Brøske, Berit Anne Botten Røkkum, Oddveig Helset Halle, Gunn Tove Green Svinvik. Foto: Torbjørn Brøske


Måndag vart Stangvikkyrkja vaska litt ekstra; å kalle det rundtvask er nok å ta i litt for mykje, for det er 6 - 7 m opp til taket! Men med vaskestavar drog vi over veggane så langt vi nådde.
Benkar, golv og dører, søyler og møblar, vindu, og krikar og krokar vart skikkeleg flidd.

Dugnadsarbeid må til, og vi var 8 personar som stilte opp, både « gamle» og nye soknerådsmedlemer.
Kyrkjekontoret sørga for vaskestavar og moppar med meir, og Torbjørn prest kom med marsipankake til kaffen, og vi vart ferdige før vi trudde; etter 4 - 5 timar var kyrkja oppshina, og det luktar reint! Det er mange år sidan siste rundtvask i kyrkja.

vindusvaskRannveig - det er ikkje enkelt med vindusvask. Foto: Berit Anne Botten Røkkum

Mai månad med konfirmasjon, nasjonaldag og høgtidsgudsteneste for fleire sokn, innbyr til mange kyrkjebesøk, så mange kan gle seg over nyvaska kyrkjerom.
Så kan vi også gle oss over at taklampene på begge sider av midtgangen er senka med ca 2 m , noko som gir betre lys både generelt og betre leselys i kyrkjebenkane!

Klare til innsatsMange i arbeid; Anne Ma, Bjarne, Gunn Tove og Oddveig Foto: Rannveig Brøske

Kyrkjerommet etter taklampene er senka, takk til Bjarne Røen,  primus motor i arbeidet!  Foto: Bjarne Røen


 

Tilbake