Stangvik har rike tradisjonar på ein kyrkjedag som elles er lite feira i landet. I pinsedagens fellesgudsteneste var mange aktørar i sving, og folk kom frå heile det gamle Stor-Stangvikgjeldet.
Salmistane Brorson og Grundtvig spådde nok veret på kvar sin måte i pinsetekster som vart sunge. Medan førstnemnde bad «Kom, regn fra det høye», lova Grundtvig «I all sin glans nu stråler solen» - og fekk mest rett, sjøl om skogbrannfaren - jf Brorson - var grundig avverga om natta. Men av ymse grunnar låg kyrkjebåtane heime denne dagen.
Mange i teneste
Både ute og inne vart dette ein strålande pinsedag. Mange frå fellesområdet gjorde teneste i kyrkja: Prestane Torbjørn Brøske, Lene Gåsvatn og Vidar Rygh, kyrkjeverje Tor Rune Halset (også som kyrkjetenar), songsolist Turid Røen Kroknes, to diakonar, organist og heile fem klokkarar.
Song, dåp og rik liturgi
Eit stort dusin forsongarar på galleriet leia og krydra allsongen. To av dei hadde teke vegen heilt frå Kristiansund!
Lille Mayleen vart døypt - på den dagen da kyrkja minnest det 3000 første døypte i kristenhistoria.
Dåpen vart leia av prost Vidar Rygh. Lene Gåsvatn heldt preika. Torbjørn Brøske hadde mellom anna ansvar for nattverdliturgien. I det heile var samlinga prega av rik og levande liturgi.
Brøske, Rygh og Kroknes hadde liturgiske songroller. Sistnemnte var solist under nattverd og ofring - med tonar av Bach, spiritualen «My Lord, what a Morning» og «Kom, regn fra det høye» til ein folketone frå Tingvoll.
Takkoffer til NMS
Som på alle pinsegudstenestene i over 20 år gjekk takkofferet til eit misjonsprosjekt i Etiopia og Midt-Austen som sokna i Surnadal støttar etter avtale med Det Norske Misjonsselskap.
Stangvik sokneråd la alt fint til rette og baud på saft, kaffe og kaker etter ei festleg gudsteneste.
…. For arrangørsokna, Bernt G. Bøe … Alle foto: Private …………..
Korgruppa på galleriet klare til innsats. Dei song «I all sin glans» i bokstaveleg og overført tyding – blant mykje anna.
Turid Røen Kroknes framførte mellom anna Bach - med tonefølgje av Bernt Bøe ved orgelet.
