Songkveld i Åsskard


Songkveld i Åsskard


Den varierte songkvelden onsdag 18. februar kl 18 er ledd i feiringa av 150-årsjubileet for Åsskard-kyrkja.

Song av mange slag har prega kyrkjelivet i desse åra. Noko av mangfaldet pregar denne kvelden.

Gunhild Marie Settem Täringskog har innslag i nyare stil. Turid Røen Kroknes og koret Prosjekt 17 syng både klassisk og spiituals.

Veterankoret Heimklang, med songarar mest frå Halsa, er kveldens gjestar.

På ein slik kveld er forsamlinga også hovudaktør. Nokre perler frå salmeboka blir presenterte med interessant bakgrunnshistorie.

Soknerådet har kaffe på kjelen etter avslutta songprogram.

Tilbake