No er det tid for vårdugnad på kyrkjegardane!



Vi går våren og varmare dagar i møte, og snart er det konfirmasjon, 17. mai og pinse 

Før desse høgtidsdagane og før sommaren kjem for fullt, må det ryddast på kyrkjegardane og alle sokneråd inviterer difor til dugnad.

Stangvik 25. april kl. 18:00
Øye 30. april kl. 16:30
Todalen 2. mai kl. 18:00
Åsskard 6. mai frå kl. 12:00 
Mo 7. mai kl. 16:00
Ranes 7. mai kl. 16:30

Vi skal rake, rydde, og rette opp støtter og liknande.  Kyrkjetenar er med å hjelper til. Det bruker å bli ein triveleg dag, samstundes som kyrkjegarden vert fin.

Ta med rive eller anna høveleg reiskap. Alle er velkomne til å bli med!

Framsidefoto: R. Brøske

 

Tilbake