Stangvik kyrkje


Stangvik kyrkje vart vigsla i 1897. Dette er største trekyrkja på Nordmøre - opprinneleg med 600 sitteplassar.

 

Leiar for byggearbeidet var Lars O. Mogstad frå Surnadal.Stangvik Stavkyrkje. Tenkt modell Randi V. Bøe.
 
Vi veit om 3 kyrkjer i Stangvik. Den første - ei korsforma stavkyrkje - var bygd i 1407 og var "en af de mærkverdigste gamle Bygninger nordenfjelds" (G. Schøning, 1773). Stavkyrkja var rikt utsmykka i katolsk tid og var truleg vigd til St. Olav eller Jomfru Maria. Ho brann ned etter lynnedslag i 1783.
 
Ei mindre korskyrkje stod frå 1784 til 1896. Om denne skriv lærar Lars Røslie m.a.: - Det var ei vanleg kyrkje, ganske stor, brun eller raudmåla. Ovafor koret attafor altartavla var ein stor lem for borna. Elles var det mange lemmer (galleri) rundt i kyrkja. Nede i kyrkja var det som vanleg før i tida særskilde stolar for kvar gard.
 
Altartavla, preikestolen, kyrkjeskuta og eit par andre ting frå korskyrkja finst i den noverande Stangvik kyrkje.

På grunn av rommet og den gode akustikken er kyrkja ofte nytta i kyrkjemusikalsk samanheng. I 1980 vart Jørgensen-orgelet frå 1910 avløyst eit klassisk-moderne orgel frå det danske firmaet Bruno Christensen. Ein dugnad i 1990 skaffa også flygel til Stangvik kyrkje.
 
Kyrkja har også lysglobe.
 
Ved den årlege gudstenesta på pinsedag i Stangvik er det jamnt stor oppslutning, m.a. blir det rodd til kyrkje med gamle båtar frå fleire grender.
 
Ein bauta over soldaten Hallvard Røen, som miste livet i slaget ved Gratangen i 1940, står på kyrkjegarden nord for kyrkja.
Tekst og foto: BB

Nokre stikkord om Stangvik kyrkje: 
 
Byggjeår:1896
Endra:1996
Arkitekt: Norum Karl
Byggmeister: Mogstad Lars O, Surnadal
Materiale:Tømmer
Planform: Langkyrkje
Sitjeplassar:530
Større arbeider på kyrkja:
1996: Inngangsparti ombygd i samband med anlegg av rullestolrampe.
1998: Rep. av tårnet med utskifting av konstruksjonar, vindauge, panel og kopartekking.

Tilbake