Vigsel


Tinging av vigsel.

Tinging av vigsel

Kontakt kyrkjekontoret i god tid for å avtale dato og klokkeslett for vigselen.

Utfylte vigselspapir med vedlegg skal sendast til folkeregisteret der ein av brudefolka bur.  

Papira kan anten skaffast på kyrkjekontoret, folkeregisteret eller her.
Elles når det gjeld prøving og kva ein må ha med av papir, sjå her.
Papira må sendast til folkeregisteret i god tid, dei treng 2-3 veker på papirarbeidet.

Etter at vigselspapira er godkjende, vert prøvingsattest sendt til brudeparet - eller - om ein har fylt ut kven som er prest - til presten i soknet der vigselen skal finne stad.

Ver oppmerksam på at prøvingsattesten gjeld i 4 månader frå den er utstedt.

Namn
Dersom brudefolka ønskjer å endre namn etter vigselen, må det sendast inn skjema ”Melding om endring av namn”.  Skjemaet finn de hos folkeregisteret. Skjemaet skal sendast folkeregisteret i den kommunen ein er registrert busett.

Høve til eiga deltaking
Brudeparet har sjølv høve til å delta aktivt med utforminga av sjølve vigselen, innanfor ordninga sine grenser. Dette gjeld særleg med omsyn til kva for tekstar vi vil nytte, korleis ein skal gå inn og med omsyn til musikk og soloinnslag. Eit godt råd er å ta kontakt med prest og organist i god tid, slik at ein kan planleggja vigselen i lag. Dette er særleg viktig om ein vil gjere noko ”meir” ut av sjølve handlinga.
 
Vigselsliturgien finn du på kirken.no.
 

Musikk ved vigselen
Kyrkja har ei rik og vakker tradisjon med å stå som ramme rundt brurevigselen, og alle ønskjer at høgtid, fest og fellesskap skal prege stunda i kyrkja. 
Eit gjennomtenkt og godt val av songtekster og musikk er viktig for å oppnå dette. Organistane våre er gjerne rådgjevarar ved val av musikk, og brudeparet kan få høyre musikken i kyrkja på førehand om dei skulle ønskje det.
Kva for musikk vil de ha? Her finn du eit utval døme på bruremarsjar.
Ta kontakt med organisten i god tid (helst minst 1 månad) før vigselen:
Surnadal:  Oddveig Helset Halle  -  tlf. 71 65 70 60 / 97 59 45 12
Stangvik:  
Rindal:  Bjørn Vevang  -  tlf: 90 96 04 89
 
Stad for vigsel
Kyrkjeleg vigsel skal vanlegvis skje i eit kyrkjehus. Det er og mogleg å bli gift på kyrkjekontoret. Vi har ikkje høve til å foreta vigsel ute i det fri utan godkjenning frå biskopen, dette må avklarast med den presten det gjeld i god tid før vigselen.

Tilbake