Gravferd


Her finn du informasjon som kan vera nyttig ved dødsfall og gravferd.

1.  Kven skal kontaktast ved dødsfall?
Legen er gjerne den som kjem først til staden i samband med dødsfallet. Han skriv ei erklæring som blir sendt til lensmannen.

 
Det er ingen ting i vegen for at dei pårørande tek hand om dei praktiske oppgåvene sjølv. Kyrkjekontoret kan gi praktiske råd om dette. Gravferdsbyrået kan gi god hjelp i samband med dødsfallet. Men det er ikkje ønskeleg at byrå, prest eller andre "tek over alt".
Byrået yt den hjelpa dykk bed. Det kan være å syte for kiste, nedlegging, transport frå sjukehus, trykking av songar etc.
 
Soknepresten blir kontakta om det skal vera kyrkjeleg gravferd. Ein kan også halde borgarleg gravferd. Gravferdsbyrået gir nærare opplysningar om dette.
Med presten avtaler ein dag og tid for gravferda. Presten avtaler ein samtale med dei pårørande. Han har god tid til dykk denne dagen, og vil gjerne lytte til det de vil snakke om. På grunnlag av denne samtalen skriv han minnetalen til gravferda. Samtalen vert som regel halden i heimen til den avdøde eller hos dei pårørande. Her kan ein også drøfte dei praktiske spørsmåla ein har til gravferdsdagen.
 
Dødsannonse
Dei pårørande kan lage opp dødsannonse sjølv og ringe eller sende den inn til avisa, eller få hjelp av gravferdsbyrå. Dag og tid for gravferda må vere avklart med kyrkja før ein set inn annonse.
 
Gravplass
Før du vel gravplass, bør du finna ut om de allereie har gravplass som kan brukast. Vanleg fredingstid for grav er 20 år, nokre plassar er freda lengre av ulike grunnar. Er det behov for ny grav, vil kyrkjeverja vise kva for plasser ein kan velja i mellom. Alle innbyggarar i kommunen har rett på frigrav i 20 år. Fri grav gjeld berre for ny grav, om ein ynskjer å setje av (bygsle) grav attmed, må ein betale for denne frå fyrste dagen. Ei grav som fyrst er bygsla kan ikkje gjerast opp att til frigrav. Dette må avtalast med kyrkjeverja så snart som muleg. Kyrkjeverja kan også svare på andre spørsmål som gjeld gravferd, stell av graver og gravlegat.

 

Namna minnelund

Ein namna minnelund er urnegraver i eit felt med felles minnesmerke. Sjølve staden der urna blir sett ned, blir ikkje markert. Når urna er sett ned, blir det montert ei namneplate på det felles minnesmerket. Du kan lese meir om namna minnelund her: Namna minnelund

 
2. Gravferda
Gravferdsdag og tid vert avtala med kyrkjeverje, prest og gravferdsbyrå. Dei vanlegaste dagane for gravferd er tysdag til fredag. Vanleg tid er kl. 12, fredagar kl. 11 eller 13.
Ei gravferd i kyrkja varar ca. 1 time. Mange tykkjer det er godt å koma i god tid, sitje stille og roa seg ned i kyrkja før gravferda. Denne dagen bør ein ikkje leggje andre planar.
Alle nære pårørande har rett til fri frå arbeid til å delta i gravferd. Etter gravferdsseremonien i kyrkja, fører vi den døde til grava.
Kista vert bore frå kyrkja til gravstaden. Det er naudsynt med 6 personar til å bæra, dette kan vera både kvinner og menn. Vi brukar tau til senking.
 
Syning
Både vaksne og barn kan gjerne sjå den som er død. Syninga kan skje i heimen, på sjukehuset, i bårerommet sjuke-/aldersheimen, eller i kyrkja før gravferda. Avtal syning i god tid med institusjonen, heimesjukepleiaren, kyrkjetenar eller byrået.
 
Barn og gravferd
I dei fleste familiar som opplever sorg, vedkjem det og barn. Det er best for barna å være med og være nær foreldra sine, og ta del i sorga. Barn treng roleg og trygge vaksne nær seg. Barn og vaksne kan uttrykke sorg saman. Normalt bør barna få sjå den som er død, og være med i gravferda. Lat dei få uttrykke det dei føler gjennom spørsmål og kommentarar, handling (f.eks. leggje ein blome eller ei teikning på kista eller på grava).  
 
Kremasjon
Spørsmål om kremasjon kan ein ta opp med kyrkjeverje eller byrå.
 
Salmar i gravferda
Vi syng tre salmar i kyrkja og to - tre salmevers på kyrkjegarden. Salmane kan ein trykke på eigne ark, eller ein kan bruke salmebøkene som er i kyrkja.
Organistane har laga ei liste med framlegg til salmar ved gravferd. Den finn du her. Kom gjerne med eigne ønskjer. Ta kontakt med organisten som skal ha gravferda.
 
Minnesamvær
Et minnesamvær kan vere ein god måte å ta vare på samhald i familien og grenda, og samtidig vise den døde ære. Det kan vera ope for alle eller berre for dei næraste.
Det er fint om ein ven eller ein i familien kan være vert. Minnesamvær er sjølvsagt ei frivillig sak. Prest eller klokkar kan hjelpa til og td. ha ei andakt på minnesamværet. Det kostar ingen ting.
  
Gravminne
Sjå kyrkjegardsvedtekter. Her står dei reglane som gjeld for gravminne (gravstein) og festeavgift. Du har ikkje plikt til å sette opp gravminne.
            
Prisane på gravminne varierer mykje,  etter storleik og dekorasjon. Gamle gravminne kan brukast opp att, etter oppussing. Ei slik løysing vert rimelegare enn ny stein og gjev eit svært godt resultat. Du har god tid til å bestemme deg etter gravferda. Kontakt gjerne kyrkjeverje for råd om val av gravstein.
 
Etter gravferda
Etter eit dødsfall kan du få mange slags kjensler som sorg, einsemd, bitterheit, kraftløyse, - men også lette om ein tung periode er over. Mange spørsmål av praktisk og åndeleg art kan dukke opp.
Sit ikkje aleine i sorga. Ta kontakt med andre, vener og familie kan brukast.
Det er og mogleg å ta kontakt med kyrkjekontoret om ein treng nokon. Fellesskap og arbeid kan hjelpe deg vidare, men unn deg sjølv kvile og ro til ettertanke.
 
Hjelp gjennom sorga
Har du mange spørsmål omkring dødsfallet, kan du godt ta kontakt med lege, heimesjukepleie, eller institusjonen der dødsfallet skjedde. Prest og diakon står og til teneste om du ønskjer å tala med dei. Naboar og vener kan vera til hjelp. Kanskje kan du bli med i ein sorggruppe der vi deler erfaringar om sorg. Ta kontakt.

Når ein av våre næraste dør
På hjemmesida til regjeringa er det ei side med praktiske opplysningar som etterlatte kan få bruk for når nokon i familien dør. Tema: Begravelse, skifte, arv, økonomi, forsikring, dødsfall i utlandet, sorgarbeid mm. https://www.regjeringen.no/no/tema/tro-og-livssyn/gravferd/id1222/

Tilbake