Lys Vaken for 5.klassingane i Surnadal 26-27.november


 

Kjære 5. klassing
Velkomen til en helg fyld med leik, overnatting, mat, fellesskap og ei gudsteneste som du er med på å skape.

Kyrkja skal være en heim fylt med liv, alvor, leik, latter og song. Ein stad man kan vere saman,  ein stad man kan vere seg sjølv!
Barn og unge skal føle at dei kan ta plass i kyrkja.

Kvart år kvelden før 1.søndag i advent, fyller vi kyrkja med born og kjekke ungdomsleiarar til Lys Vakenhelg.                         

 Vi samlast laurdag 26.november. kl. 16.00 i Øye kyrkje  

Då skal vi leike, bli kjende med kvarandre, lage gudsteneste, utforske kyrkja, ete god mat og godteri. Etterpå skal vi alle saman sove over i kyrkja.  

På søndag et vi frukost saman før vi førebur oss til gudstenesta. Når denne tek til, skal vi vere med og vise kva vi har øvd på. Foreldre og søsken er hjarteleg velkomne til å bli med.

Meld deg på seinast måndag 21.november.
Påmelding til kyrkjekontoret på tlf. 71657060 (man-tor 10-14) eller på e-post post@surnadal.kyrkja.no
(Du må ha med deg: sovepose, liggeunderlag, eit klesskift, uteklær, toalettsaker, pysjamas, innesko, bibel og lommelykt)

«Ta her blir kjøle gøttj!»

Tilbake