Kyrkja inviterar til middag for store og små


 

Har du lyst til å ete middag saman med nokon fleire?

Eter ein ofte  middag åleine , er det triveleg å ete i lag med nokon. For travle småbarnsfamiliar er det godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå.  Vi inviterer store og små i alle aldrar til middag på kyrkjelydshuset, og til å delta i fellesskapet  ein onsdag i månaden. Dørene opnar kl.15.30, og maten  er  servert frå kl.16.00-16.45. Frå kl.17.00 er det aktivitet for barna, og for dei vaksne er det mogleg å bli sitjande igjen rundt borda for ein triveleg prat og kaffi. Treffet avsluttast med ei kort samling. 

Pris kr. 50, - for vaksne og gratis for barn opptil 12 år.  Det er mogleg å betale med Vipps og kontantar.

Påmelding: Ring eller send SMS med antall personar til Elsa Jensvold mobilnr.99518162 innan måndagen før.

Tidspunkt: Dørene opnar kl. 15.30 og maten er servert frå kl.16.00.

Datoar: onsdag 8. september, onsdag 6. oktober, onsdag 3.november og onsdag 1.desember

Alle er hjarteleg velkomne!

Tilbake