Kirkens Nødhjelp: Aksjon landet over


Kirkens Nødhjelp: Aksjon landet over


Framside: Åsskardgruppa klare på startstreken. Foto Bernt Bøe 

Behovet er større enn nokon gong, seier Kirkens Nødhjelp. Krigskatastrofen i Midt-Austen krev akutt hjelp. Vatn til tørkeområde er langsiktig målsetting.

Tysdag gjekk konfirmantar og andre dør-til-dør med KN-bøsser og vipps i bygd og by. Gjevarinnsatsen var stor og gir betydelege midlar til livgjevande innsats.

 

Vi observerte Fasteaksjonen i Surnadal. Innsatsleiar Gro Hauge Venås registrerte tilnærma full oppslutning i sine sokn - Mo, Øye og Ranes, Todalen, Stangvik og Åsskard.

 

- Så blir det spennande å sjå resultatet når oppteljinga er ferdig. I fjor samla desse bygdene inn rundt 130.000 kroner.

Diakon Gro Hauge Venås administrerte aksjonen i Surnadal. Foto Bernt Bøe

Og skulle det vera nokon som var borte og ikkje fekk gjeve si gåve på sjølve aksjonskvelden? Da understrekar kyrkja at det framleis er høve til å nytte KN sitt vippsnummer 2426. Midlane der blir rekna med i summen for det enkelte lokale sokn.

 

Innsendar: Bernt G. Bøe, KN-kontakt i Åsskard

Tilbake