Kyrkjeklokkene ringer på Kong Haralds gravferdsdag


Kyrkjeklokkene ringer på Kong Haralds gravferdsdag


9. september, på dagen for gravferda til kong Harald V, ringer kyrkjeklokkene. Først for å minnast kong Harald V. Deretter i bøn for vår nye konge, Hans Majestet Kong Haakon VIII.

Klokkeringinga skjer i kyrkjer over heile landet.

 

Eitt minutts stille for kong Harald
Like før klokka slår 13.00 på gravferdsdagen, lyder tre klokkeslag frå dei fleste kyrkjer over heile landet. Deretter følgjer eitt minutts stille for kong Harald V. Stilla blir avslutta kl. 13.01 med tre nye klokkeslag.

Opa kyrke og gravferda på storskjerm
Kyrkjene Øye, Åsskard og Stangvik held opa frå kl. 12:45. Her vil gravferda bli vist på storskjerm. Delar av kyrkjestaben vil vere til stades. Her er det høve til å følgje gravferda saman med andre.

Ein time med klokkeringing i bøn for kong Haakon
På ettermiddagen, når seremonien ved gravstaden i Akershus slottskirke er ferdig, vil kyrkjeklokkene igjen lyde. Denne gongen ringer klokkene samanhengande i éin time når kong Haakon trer fram som Norges nye konge.  

 

 

Tilbake