I den norske kyrkja markeres Allehelgen over heile landet. Her samlast menneske til fellesskap med rom for både sorg, bøn, og håp for framtida.
I Surnadal markerer vi dagen her:
Ranes kyrkje kl. 11:00. Kyrkjekaffi etter gudstenesta .
Åsskard kyrkje kl. 14:00. Kyrkjekaffi etter gudstenesta.
Stangvik kyrkje kl. 16:00. Opa kyrkje i frå kl. 14.30 og kyrkjekaffi etter gudstenesta.
Mo kyrkj kl. 19:30. Opa kyrkje i frå kl.18.45 .
Todalen kyrkje markerar Allehelgen søn. 8.nov. kl. 11:00. Kyrkjekaffi etter gudstenesta.
SAMTALETILBOD
Ønskjer du å snakke med nokon?
Vi kan alle til tider oppleve utfordringar i livet.
Kyrkja i Surnadal tilbyr deg nokon å snakke med.
Tilbodet er for alle, uansett tru, livssyn eller alder.
Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret i Surnadal på tlf.nr. 71 65 70 60 eller på mail: post.surnadal@kirken.no og spør etter prest eller diakon.
SORGGRUPPE
Kan ei sorggruppe vere noko for deg?
Kyrkja i Surnadal tilbyr sorg-bearbeiding i gruppe. Her kan ein finne hjelp og støtte til å leve vidare med sorga. Gruppene består av fem-seks personar og to leiarar.
Ved nok påmeldte, blir det oppstart februar 2027.
Dersom du ønskjer meir informasjon eller vil melde deg på ei gruppe, så ta kontakt med kyrkjekontoret i Surnadal på tlf. 71 65 70 60.

Framsidefoto: Den norske kyrkja