INVITASJON TIL ALLEHELGENSDAG I SURNADAL


INVITASJON TIL ALLEHELGENSDAG I SURNADAL


I den norske kyrkja markeres Allehelgen over heile landet.                                                                Her samlast menneske til fellesskap med rom for både sorg, bøn, og håp for framtida.

I Surnadal markerer vi dagen her: 

Ranes kyrkje kl. 11:00. Kyrkjekaffi etter gudstenesta .

Åsskard kyrkje kl. 14:00. Kyrkjekaffi etter gudstenesta.

Stangvik kyrkje kl. 16:00. Opa kyrkje i frå kl. 14.30 og kyrkjekaffi etter gudstenesta. 

Mo kyrkje kl. 19:30. Opa kyrkje i frå kl.18.45 .

Todalen kyrkje markerar Allehelgen søn. 8.nov. kl. 11:00. Kyrkjekaffi etter gudstenesta.

 

 

SAMTALETILBOD

Ønskjer du å snakke med nokon?

Vi kan alle til tider oppleve utfordringar i livet.

Kyrkja i Surnadal tilbyr deg nokon å snakke med.

Tilbodet er for alle, uansett tru, livssyn eller alder.

Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret i Surnadal på tlf.nr. 71 65 70 60 eller på mail: post.surnadal@kirken.no og spør etter prest eller diakon.    

 

SORGGRUPPE

Kan ei sorggruppe vere noko for deg?

Kyrkja i Surnadal tilbyr sorg-bearbeiding i gruppe. Her kan ein finne hjelp og støtte til å leve vidare med sorga.                Gruppene består av fem-seks personar og to leiarar.
Ved nok påmeldte, blir det oppstart februar 2027.                                                                                                                                                                                                                                                     

Dersom du ønskjer meir informasjon eller vil melde deg på ei gruppe, ta kontakt med kyrkjekontoret i Surnadal på tlf. 71 65 70 60.

 

 

 

 Framsidefoto: Den norske kyrkja   

Tilbake