Hobbykveld i kyrkja:
Julestemning ute og inne
Snøfnugg pynta opp rundt Åsskard-kyrkja, og inne var det juleverksted. - Veldig triveleg hobbykveld, sa deltakarane.
Bortimot 40 små og store bruka torsdagskvelden riktig så kreativt. Her laga dei julepynt av alle slag - englar, nissar, stjerner, lenkjer, perlearmband, korger og julekort.

Her blir det stjerner og nisse. Foto Eva Jorid Svendsen
Respons
- For oss som arrangerer, er det kjekt å få slik respons, seier soknerådets Eva Jorid Svendsen og Aashild Settemsdal og medinstruktør Randi Bøe. - Ikkje minst er det flott når heile ti konfirmantar valde å koma - både for å laga ting og for å hjelpe til.

- Verkeleg artig, bekrefta konfirmantane sjøl. Ja, det kom også ønske om bli med neste gong!
Konfirmantane song
Attåt den stappfulle Kyrkjestua var også hobbybord i bruk inne i hovudrommet. Der inspirerte også piano og preikestol til kreativitet. Og sei ikkje at tenåringar er redde for å synge! Her istemte dei både «Tenn lys» og bordvers.
«Folkets hus» og
Og naturlegvis vart «Å du som mettar liten fugl» etterfølgd av det avsluttande høgdepunktet for kvelden - samlinga rundt matbordet. Vertskapet sørga for kakskiv’, egg, ost, kjøttpålegg og syltety - forutan saft og kaffe.
Kyrkja kan brukast til mangt. Slike kveldar skaper tydelegvis både trivsel og eigarskap til ein 150-åring som ved slike høve blir eit slags «folkets hus».
Innsendt av Bernt G. Bøe