Allehelgensdag, ein minnedag


Allehelgensdag, ein minnedag


Allehelgensdag blir markert første helg i november, og er ein viktig dag for å minnast dei døde.

I Den norske kyrkja blir allehelgensdagen markert over heile landet. I ulike minnemarkeringar samlast menneske i takk til Gud for livet som har vore og i fellesskap i sorg og sakn.
I Den norske kyrkja blir allehelga markert 4. og 5. november 2023.

I mange kyrkjer blir det halde ei minnegudsteneste på allehelgenssøndagen 5. november.
Namna på kyrkjelydens døydde det siste året blir lese opp.  I Surnadal er det gudstenester og opa kyrkje desse tider:


Ranes kyrkje kl. 11:00
Todalen kyrkje kl. 11:00 
Stangvik kyrkje kl. 17:00
Open kyrkje kl. 14-17
Mo kyrkje kl. 19:30 – musikkandakt med minnestund
Åsskard kyrkje kl. 19:30

Kvifor markerast allehelga i Den norske kyrkja?
Minnemarkeringar for dei døde er blant dei eldste kristne skikkane. Tidlegare var det martyrane som vart minte, dei som vart drepne for kristentrua si. Seinare oppstod behovet for ein minnedag for alle dei namnlause kristne som døydde.

 I dag samlast mennesker i kyrkjer i heile landet for å minnast dei døde.

Les meir om historia om dagen hos Bibelselskapet.

Tilbake