Vigsel i Surnadal


Vigsel i Surnadal


VIGSEL I KYRKJA

Her har vi lagt ut lenkjer og informasjon om kva som skjer i en vigsel i kyrkja, samt informasjon om kva brureparet må forberede. 

Å inngå ekteskap er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Ein godkjent vigslar skal erklære at ekteskapet er gyldig. Den norske kyrkja tilbyr kyrkjeleg vigsel til alle par som ynskjer dette.

Kontakt kyrkjekontoret i god tid for å avtale dato og klokkeslett for vigselen.

KLIKK HER FOR Å LESE OM VIGSEL I KYRKJA

For å gifte seg må paret ha godkjent prøvingsattest, dette søkjer de om på Skatteetatens sider

SØK OM PRØVINGSATTEST HER

NB! Prøvingsattesten gjeld i 4 mnd etter godkjenning, så søk ikkje for tidleg wink

 

 

 



Etter at vigselspapira er godkjende, må papira levarast til kyrkjekontoret eller til presten som skal forette vigselen.
 

Høve til eiga deltaking
Brudeparet har sjølv høve til å delta aktivt med utforminga av sjølve vigselen, innanfor ordninga sine grenser. Dette gjeld særleg med omsyn til kva for tekstar vi vil nytte, korleis ein skal gå inn og med omsyn til musikk og soloinnslag. Eit godt råd er å ta kontakt med prest og organist i god tid, slik at ein kan planleggja vigselen i lag. Dette er særleg viktig om ein vil gjere noko ”meir” ut av sjølve handlinga.

 

Tilbake